Nabovarsel
Nabovarsel
Støy er ein del av luftfarten som pregar kvardagen til dei som bur rundt flyplassen. Vi arbeider for å gjere støybiletet best mogleg for flest mogleg. Grada av støy avheng òg av dei lover og forskrifter som gjeld for luftfarten, vêr og vind, og ikkje minst dei ulike flytypane som flyselskapa nyttar.
Her vil du finne varsel om oppdateringar på trafikkretning og andre avvik, som kan føre til auka støy for våre naboar.
Nabovarsel:
På grunn av vedlikehaldsarbeid på vestre rullebane natt til tysdag 29. april, vil austre rullebane bli nytta i tidsrommet 00:00 til 06:00.